JENTETOKT 2018 Stavanger - Haugesund

Arrangementsinformasjon


Frå 16. til 20. juli 2018 seglar Mathilde med kvinneleg mannskap, og berre jenter slepp om bord som medseglarar. Som alltid på jentetokt vert det spennande hamner, song, latter og god mat. Skipper Cecilie er klar og gler seg til å møta ’gamle’ og nye jenter. Ho meiner at jentetokta er såpass helsebringande at ein burde få dei på blå resept.

Dette eit tokt der alt ligg til rette for flotte naturopplevingar. Me seglar frå Stavanger måndag, og undervegs gjer me spennande strandhogg, før me endar opp i Haugesund fredag. Har du ikkje fått nok av det maritime livet når du går i land, kan du nytta helga i Haugesund, der 200 historiske fartøy er samla til Kystens landsstevne med folkeliv, konsertar og aktivitetar.


Pris:
Totalpris NOK 7500,-
Inkluderer:
• Seglopplevingar
• Overnatting på Mathilde
• 3 måltid per dag
Tillegg:
• Overnatting om bord sundag 15. – mandag 16.juli  NOK 500,-
• Overnatting om bord fredag 20. – laurdag 21. juli  NOK 500,-

Du finn informasjon om alle Mathildetokta 2018 på www.fartoyvern.no