page view image

Velkomen på kurs i å segle tradisjonsbåt

Har du lyst til å lære å segle tradisjonsbåt med sprisegl?

På Hardanger fartøyvernsenter kan du under trebåtfestivalen vere med på eit todagars kurs i å segle tradisjonsbåt. I lag med våre erfarne seglarar Sarah Sjøgreen og Morten Hesthammer får du kyndig vegleiing og opplæring i å segla tradisjonsbåt med sprisegl. Du må gjerne nytte eigen båt, men me har også båtar for utlån som me kjem til å bruke under kurset.

Informasjon
event image

Gjennom kurset kjem du til å lære meir om: 

  • Å segla med sprisegl i opne tradisjonsbåtar 
  • Korleis få fart i båten
  • Balanse mellom segl og skrog
  • Korleis segle sikkert
  • Knoper og stikk me nyttar oss av om bord
  • Krysse/stagvende
  • Kuvending
  • Me filmar slik at me saman kan sjå kva som blir gjort korrekt og kva som kan gjerast annleis
  • Plassering av skjøter og fall

 

Spørsmål til kurset sender du til Svanhild Nesbø: 
Epost: svanhild.nesbo@hvm.museum.no
Telefon: 0047 900 93 008


Overnatting:
Det finst fleire ulike alternativ (sjå visitkvam.no) men overnattingsstadane som ligg nærast fartøyvernsenteret er: www.hardangerferiesenter.no, www.oddlandcamping.no, og www.sandvenhotel.no (Thon hotell Sandven gjer alle kursdeltakarar rabattert pris, dersom ein opplyser om det ved bestilling av overnatting.)

Mat:

På dette kurset er middag og lunsj inkludert. Dersom ein har allergiar må ein sei i frå, slik at me kan tilpasse maten me serverer.  

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.