Kurs i å lage Vestlandsårer
Har du lyst til å lære å lage dine eigne Vestlandsårer?
På Hardanger fartøyvernsenter kan du i slutten av april vere med på kurs i åremaking.
I lag med båtbyggjar Peter Helland-Hansen og lærling Jonathan Højland Høj får du kyndig vegleiing i framgangsmåten frå emneval til ferdige årer.
Gjennom kurset kjem du til å lære meir om:
Åra sine namn, grunnmål og eigenskapar.
Materialutvelging og oppmerking.
Verktøy og sliping.
Tradisjonelle arbeidsmåtar.
Roteknikk og testing av dine eigne årar på fjorden.
- Årelapping og smøring.
Deltakaravgift:
Kr 7000,- inklusiv måltid og material. Har du nokon allergiar gjer du beskjed pr e-post og me avtalar med kjøkkenet.
Begrensa tal plassar.
Ved færre enn 4 deltakarar vert kurset avlyst.
Spørsmål til kurset sender du til
Svanhild Nesbø
Epost: svanhild.nesbo@hvm.museum.no
Telefon: 0047 900 93 008
Frist for påmelding: 5 April
Overnatting:
Det finst fleire ulike alternativ (sjå visitkvam.no) men overnattingsstadane som ligg nærast fartøyvernsenteret er: www.hardangerferiesenter.no, www.oddlandcamping.no, og www.sandvenhotel.no (Thon hotell Sandven gjer alle kursdeltakarar rabattert pris, dersom ein opplyser om det ved bestilling av overnatting.)
Detaljert program vert sendt ut til påmeldte deltakarar. Med atterhald om endringar i programmet.
Waiver
Frist for påmelding og innbetaling: 5 April