Kurs for unge handverkarar: Frå halvmodell til spant
Innføring i konstruksjon av kravellbygde fartøy ved hjelp av halvmodell. Historikk, teori og praksis. Praktiske oppgåver knytt til oppslag og ferdigstilling av spant i full storleik.
Information
Dette er det tredje kurset i ei rekkje på tre, som tar føre seg ulike tema innan skipstømring og som er spesielt retta mot unge handverkarar som vil øve seg på bruk av tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar. Kursa er uavhengige av kvarandre, men det vert lagt opp til at deltakarar som har vore med før skal få nye utfordringar. Tema for dei to førre kursa var rundholtar (juni 2023) og bjelkelag (november 2023).
Kurset er arrangert av Hardanger fartøyvernsenter med stønad frå DNB-stiftelsen og Riksantikvaren.