page view image

Kurs: Fletting av soppkorg

Kurs over to kveldar. Den fyrste kvelden lagar vi ein soppkorg av høvla spon. Den andre kvelden tar vi korga vår med ut på tur, og har soppkontroll med Bergen sopp- og nyttevekstforeining.

Information
event image

Program 


Dag 1: Lær å flette ei sponkorg.  

Instruktør: Peter Helland-Hansen. 


Kl.17: Oppmøte og velkomen i Småbåtverkstaden på Hardanger fartøyvernsenter. 

Kl.17.15-21: På kurset vert ein kjend med emneval, høvling med sponhøvel, fletteteknikk og det å lage handtak. I løpet av kvelden skal alle få lage seg ein soppkurv i denne teknikken. 


Dag 2: Soppsanking og vurdering med soppsakkyndig.  

Instruktør: Håvar Gjerde + Bergen SNF 


Kl.17-17.45: Oppmøte i kaféen på Hardanger fartøyvernsenter. Mini-foredrag om sanking av sopp. 

Kl. 18-19.45: Sopptur i samla flokk. 

Kl. 20-21: Soppkontroll på Hardanger fartøyvernsenter. Soppsakkyndige frå Bergen sopp- og nyttevekstforening har ei gjennomgang av det me har funne.  


Soppkontrollen kl. 20-21 er ope for alle som ynskjer delta, utan kurspåmelding.