Alex Rosén – Fra seilskute til Romskip
Bli med på ein ekspolsiv dose humor og livsglede når Alex Rosén kjem til Kulturnaustet i Norheimsund.
Alex Rosén, kjend som Noregs mest energiske komikar, rocker, programleiar og eventyrar.
Dette er meir enn eit føredrag – det er ei oppleving. Med utgangspunkt i eigne erfaringar og ekspedisjonar leverer Alex ærlege og annleis historier frå eit liv fylt av galskap og suksess.
Opplevingane hans frå Nordpolen med seglbåten Berserk, eigen oppvekst med fokus på rolla som son, kjæraste og far, boka Tøff pappa, kvifor han miste jobben i NRK (sju gonger), interessa for Tordenskjold og utforsking av verdsrommet, er berre nokre stikkord for kvelden – som òg byr på musikalske innslag.
Dørene opner kl. 18.00.
Alex går på scena ca. kl. 19.30.
Foto: Kenneth Baluba Sporsheim
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte