Segltur frå Bergen til Haugesund med hardangerjakta «Mathilde»
Tysdag 28. juli – fredag 31. juli 2026
Bli med «Mathilde» på eit uforgløymeleg segltokt langs den vakre Vestlandskysten!
Her ventar eit mangfald av naturopplevingar, unike perspektiv og ekte kystkultur, med start i Bergen og avslutning i Haugesund. Langs ruta får du oppleva idylliske småstader og øysamfunn. Kvar kveld legg «Mathilde» til i ei ny hamn og brukar lokalitetane til aktivitetar, kveldsturar og opplevingar i fellesskap.
Turen kombinerer natur, kultur og historie. Det er ikkje ei reise i hast – men ei ferd i langsamt tempo, der vegen og «Mathilde» i seg sølv er destinasjonen. Ei oppleving for deg som søkjer nærleik til naturen og eit glimt inn i Noregs rike historie langs sjøvegen.

For pakkeliste, planlagd rute og meir, sjå nettsida vår: https://fartoyvern.no/fjordogkyst
Restriktioner
Born må reise saman med ein vaksen.
Ansvarsfriskrivning
Billettar vert ikkje refundert ved avbestilling seinare enn 4 månader før turen. Ticketco sin provisjon vert ikkje refundert.