Føredrag: Terje Vigen, Ibsen, sjøfarten og eg
Terje Vigen, Ibsen, sjøfarten og eg
– med Olav Hanto
«Der bode en underlig gråsprængt en
på den yderste, nøgne ø».
Få linjer har festa seg djupare i den norske folkesjela. Ingen av Ibsens skodespel har same folkelege appell som historia om Terje Vigen, mannen som rodde for livet for å berge familien. Men kva skjer når forteljinga blir framført av ein som sjølv har bytt ut scenegolvet med skipsdekket?
I over 20 år jobba Olav Hanto som skodespelar, med store roller ved mellom anna Grenland Friteater, Teater Ibsen og Riksteatret. Så kalla havet. Han braut opp for å følgje lidenskapen for sjømannskap og kystkultur. Som båtførar i Sognefjorden og kulturformidlar på Hurtigruten langs Norskekysten, i Arktis og Antarktis, skipper på veteranbåt under ein strabasiøs seglas mot Svalbard – han har kjent naturkreftene på kroppen. I mai 2025 gjekk Hanto inn i stillinga som einingsleiar for publikum og formidling ved Hardanger Fartøyvernsenter.
Gløym tørre litteraturanalysar. Dette er eit uhøgtidleg foredrag der Hanto deler røvarhistorier frå livet til sjøs og ser på sjøfarten sin påverknad på Ibsens dikting. Han kastar eit skråblikk på nasjonalikonet, og fortel om sin eigen veg frå bestefaren sin hardangerbåt til han som vaksen skodespelar våga å gå laus på «Terje Vigen».
Kvelden blir sjølvsagt avslutta med ei framføring av sjølve diktet – kunstnerisk og maritimt forankra, og tolka av ein som veit forskjell på flo og fjøre, styrbord og babord.
Føredraget startar kl. 18.00, billett kan kjøpast i døra eller på TicketCo, 100 kr.
Bilde: Terje Vigen teikna av Christian Krogh