Føredrag: Kompani Linges maritime spesialoperasjoner

Forfattar Sven Janssen har saman med Tomas Adam skrive boka «Operasjon Vestige» som fortel historien om dei kajakk-baserte angrepasom spesialsoldater frå Kompani Linge utførte mot den tysk-kontrollerte skipsfarten i åra 1943-44. Janssen vil halda føredraget.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Planene for «Vestige» omfatta nærare 15 forskjellige anslag langs kysten av Sør-Norge. Omfanget måtte nedskalerast noko, men i alt åtte grupper med KPL-operatører vart sendte til Norge. Vestige-operasjonane hadde ein svært høg vanskelighetsgrad ettersom fartøya var godt bevokta, og berre kunne nåast av operatørane medan dei låg til ankers i hamner eller oppsamlingsområde med etablert vakthold.


Dei to forfatterne, Sven Janssen og Tomas Adam har gjennom mange års kjeldestudier erverva seg store kunnskapa om dei norsk-britiske spesialoperasjonane under den andre verdenskrigen. Føredraget omfatter den britiske strategien bak dei maritime Vestige-operasjonene, så får me og vite litt om trening og opplæring i Storbritannia. Til sist – men ikkje minst – får me høyra dei dramatiske historiane til operatørene og nokre av dei sivile medhjelparane som tok del i dei ulike Vestige-operasjonane.


Billettar vert kjøpt i døra eller gjennom TicketCo ved lenkja nedanfor, billett 100 kr, føredraget startar kl. 18:00.

Tags

føredrag
Organizer
Hardanger fartøyvernsenter