Røde Kors på sjøen

Arrangementsinformasjon

18. februar kl. 19.00 er det torsdagsføredrag på Hardanger fartøyvernsenter! Denne kvelden skal omhandle Røde Kors og den viktige jobben dei gjer på sjøen.

Me får besøk av frivillig i Røde Kors, Andreas Aldeholm, som skal fortelje om reelle hendingar, og me skal mellom anna også høyre om natta då fregatten «KNM Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden utanfor Bergen i 2018. Ein tragisk ulukke med eit omfattande etterspill.

«Røde Kors hjelper menneske i Norge og internasjonalt. Våre frivillige er til stades for menneske som treng støtte og hjelp. Røde Kors har over 200 båtar i beredskap langs heile kysten, og 65 av landets 280 hjelpekorps har spesialisert seg på søk og redning på sjø og vatn.»

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Open kafé og museumsbutikk.

Velkomen!

torsdagsføredrag
foredrag
rødekors
sjøen
hardanger
norheimsund