Norske sjømannstatoveringar

Arrangementsinformasjon

Det fyrste torsdagsføredrag i det nye året vert 21. januar kl. 19.00 på Hardanger fartøyvernsenter! Denne kvelden får me besøk av forfattar og tatovør Tor Ola Svennevig som skal fortelja om norske sjømannstatoveringar.

«Tusenvis av nordmenn reiste til sjøs under norsk sjøfart. Mange kom tilbake med tatoveringar som markerte tilhøyring og viste til reiser over heile verda» Boka med namnet «Norske sjømannstatoveringer» som Tor Ola Svennevig skreiv i 2013 gjer ei innføring i dette, og i etterkrigstidas sjømannsliv samt norske sjømannstatoveringar før og no. Nett no jobbar han på ein ny bok også med dette temaet!

Velkomen til eit annleis og spanande torsdagsføredrag der me alle skal bli klokare på sjømannstatoveringar og historia knytt til dette temaet.

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Open kafé og museumsbutikk.

foredrag
føredrag
torsdagsføredrag
sjømannstatovering
norheimsund
hardanger
hardangerfartøyvernsenter