Haugesund - Rosendal med "Mathilde"
Bli med på tur med Hardangerjakta «Mathilde» med fokus på vakre stader innover Hardangerfjorden. Me startar i kystbyen Haugesund, ut i havgapet til Røvær før vi beveger oss innover Hardangerfjorden og til slutt ender opp i Rosendal.
Turen kombinerer natur, kultur og historie. Det er ikkje ei reise i hast – men ei ferd i langsamt tempo, der veien og «Mathilde» i seg sølv er destinasjonen. Ei oppleving for deg om søkjer nærleik til naturen og eit glimt inn i Noregs rike historie langs sjøveien.

Dag 1: Haugesund – Røvær
Eventyret startar i Haugesund, kystbyen der havet møter historie og kultur. Her mønstrar du på «Mathilde» og treffer mannskapet og dei andre gjestane. Me verte kjend og finn oss til rett om bord.
Om bord på «Mathilde» har me eit tryggleiksmannskap på tre personer: Skipper, bestmann og matros. Disse tre har alle tryggleikskurs og passasjer- og krisehandteringskurs og erfarne seglarar og sjøfolk. Det er også med ein kokk som lagar frukost, lunsj og middag om bord. Mannskapet på fire vil hjelpa dykk med det praktiske om bord og undervegs vil dei læra dykk om sjømannskap og segling av «Mathilde».
Det vert ein ettermiddagsseglas vestover – mot det vetle øysamfunnet Røvær. Turen er kort, men opplevinga stor. Me legger til kai blant lune svaberg og småbåtar. Her, ute i havgapet, senker freden seg. Me eter middag saman om bord og nyter stillheten her ute – kun avbrott av skvulp på skutesida og sjøfugl. Me finn roen i soveposen – anten i hengekøye eller på ein mjuk benk i «banjer» (allrommet om bord).
Dag 2: Innover i Hardangerfjorden
Me eter ein god frukost før me setter kursen austover igjen: Mot Hardangerfjorden. Ein av Noregs lengste og djupaste fjordar som kan by på dramatisk og vakker natur.
Me forlét det opne havet og beveger oss inni fjordsystemet. Landskapet forandrar seg gradvis undervegs – frå den vêrbite kysten til den grøne og fruktbare indrefileten av Vestlandet. Her møter me frodige dalsider, små bygder og eit mylder av fossefall.
Om bord tek alle som ynskjer del i seglinga og navigeringa. Det er mektig å erfare at me ikkje er avhengig av motor for å kome oss fram, sjølv ikkje med ein stor båt som «Mathilde». Vinden drar oss med.
Å segla innover Hardangerfjorden byr på relativt rolege farvatn, og det finns mange moglegheiter for ankring og gjestehamner undervegs. Difor lar me seglasen styre litt kor me legg oss til for natta denne dagen. Mannskapet er godt kjende her og veit kor det finns gode hamner me kan nytte oss av.
Me legg oss til for kvelden og eter ein god middag med stor appetitt etter dagens inntrykk.
Dag 3: Rosendal – Kultur, historie og blømande prakt
Neste morgon gjer me oss klar til siste etappe på reisa: Til Rosendal, en kulturell juvel omgitt av mektig natur. Me får servert den siste frukosten for denne gong som me eter på dekk om veret et godt.
Seglasen tar oss gjennom eit landskap som vert stadig meir dramatisk og grønt. Små fjordarmar buktar seg innover i landet i mellom høge fjell. Små fjordgardar klamrar seg fast i liene og vitnar om hundrevis av år med menneskeleg aktivitet her.
Me eter lunsj under segl og kjenner på ei ro som berre finnes her, om bord på «Mathilde» medan verda rundt oss glir sakte forbi.
Me kjem til Rosendal i 14-tida. Me pakkar oss ut av båten og tek farvel med mannskapet om bord på «Mathilde» for denne gong.
I Rosendal er det mykje å oppleva, men kanskje aller mest kjent er baroniet frå 1678 med sin vakre rosehage.
Frå Rosendal er det fleire bussforbindelsar. Det er óg mogleg å ta ekspressbåt til Bergen. Gje beskjed til mannskapet om de har ein buss eller båt du må nå.
Inkludert
✓ En norsk feire utenfor allfarvei! Eksotisk, lokalt og unikt!
✓ Overnatting om bord i Mathilde alle nettene.
✓ Ei turoppleving på ei historisk seilskute med erfaren skipper og mannskap, instruksjon og praktisk opplæring i segling.
✓ Hengekøye og skipskiste som er dine mens du er om bord.
✓ Frokost, lunsj og middag alle dager på tur
✓ Tilgang til lettbåt til roturer på kveldane.
✓ Mathilde har alt av nødvendig tryggleiksutstyr og -sertifiseringar.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderes ikkje.