Maritimt verktøyseminar 2025
Årets tema: Verktøy og arbeidsmåtar ved dekor av båtar, fartøy og bygg.
Med det maritime verktøyseminaret ynskjer vi å verta betre kjend med handverka gjennom verktøya og arbeidsmåtane som følger dei. Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som til dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båtar og fartøy.

Me vil med dette brevet ynskje velkommen til årets verktøyseminar ved Hardanger fartøyvernsenter.
I år har vi ambisjonar om lage verktøy som til dømes strek-høvel, staff-høvel eller profilhøvel. Seminaret er nr. 16 i rekka og har blitt ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.
I starten av seminaret vil me gå igjennom ei utstilling av verktøy med fokus på årets tema. Utstillinga er dels verktøy vi har henta frå samlingar i Hardanger og dels verktøy som deltakarane tek med. Soleis tek alle med seg eit eller fleire dekor-verktøy til utstillinga som merkast med namn. Desse vil vere tilgjengeleg som mal for nye verktøy under seminaret.
Me vil ha som mål at alle deltakarar får lagd minst eit verktøy som kan nyttast i dagleg bruk. Me vil ha samtale undervegs i arbeidet rundt utforming og funksjon.
På kveldstid vil vi samlast for å verte betre kjent med korleis dekor-tradisjonar har gjort seg gjeldande innan for båt og fartøy. Foredraga på kveldstid er opne for allmenta.
Siste dag på seminaret vil vi finstemme verktøya som har vorte laga under seminaret og sjå nærmare på korleis slike verktøy vert nytta gjennom ulike øvingar.
Velkomen til lærerike dagar i Norheimsund!
Restriksjoner
Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som til dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar.