page view image

Føredrag: Bergkunsten på Vestlandet

Informasjon
event image
Trond Lødøen er førsteamanuensis i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen. Han har jobba med helleristningar og bergmalingar - under fellesnemninga bergkunst - gjennom mange år, i kombinasjon med arkeologiske utgravningar og naturvitskapelege metodar. Bergkunsten kan sjåast på som eit forhistorisk biletspråk. Lødøen er blant anna oppteken av å finne betydninga bak bilda og kva som resulterte i at bilda vart laga. 

Føredraget vil spenne vidt og ta føre seg bergkunsten i store delar av landet, men likevel med eit fokus på Hardanger. Det vil og freista å setja bergkunsten inn i ein større samfunnskontekst og freista å svara på kvifor desse bilda vart laga.


Billettar vert kjøpt i døra, eller på TicketCo, pris 100 kr, oppstart 18:00. Kafeen er open frå kl. 17.

Foto: Universitetet i Bergen, Odd Vegard Kandal-Wright.

foredrag