page view image

Fjordabåtseminaret 2024

Hardanger fartøyvernsenter inviterer til lunsj til lunsj seminar med tema prosjektstyring- og organisering ved istandsetting og restaurering på verna skip.

Informasjon
event image

Deltakaravgiften gjeld som påmelding og dekker lunsj, kaffimat og middag onsdag samt lunsj torsdag. Alle måltider vert servert på Hardanger fartøyvernsenter. 

Om programmet

God prosjektstyring er nøkkelen til suksess for alle involverte partar. Ikkje minst gjeld dette innan fartøyvernet som er avhengig av godt omdøme for å motivere til frivillig arbeid og finansiering.  Fartøyeigar må ha kontroll og  stette krav frå vernestyresmakter og Sjøfartsdirektoratet .

Ei utfordring i fartøyvernet er organiseringa med samarbeid mellom frivillige og profesjonelle aktørar, usikker økonomi og komplekse prosjekt.  Samstundes er det stor kunnskap og mykje erfaring blant frivillige gjennom eigen utdanning og yrkeserfaring som kan komme eige- og andre fartøy til gode.

Meir informasjon finn du på vår nettside: https://fartoyvern.no/program_/fjordabatseminaret-2024/ 

kurs