Nortopia: Konsert og dans
Saman med Kvemmingen Spel- og Dansarlag inviterer me til konsert med Nortopia og dans i Kulturnaustet!
Information
Nortopia inviterer publikum inn i ei verd der vakre og fengande melodiar møtest i delikat samspel. Trioen har utvikla ein særeigen musikalsk stil som både gir påfyll og senkar skuldrene til lyttaren.
Nortopia er:
Ingrid Sørheim på durspel
Kristian Wolski på cittern
Johanne Mjøs på Hardingfele og fele
Etter lyttekonserten med Nortopia vert det spel og dans, med instruksjon for deg som ikkje har dansa før. Her er det låg terskel, og du kan sjå på, vere med litt eller slå deg heilt laus. Velkomne!
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.